Ymist
Morgon med lysande hestar

17.–19. november 2022

Tidligere visninger

19.00, Store scene

19.00, Store scene

19.00, Store scene

Av Tarjei Vesaas, dramatisert for Ymist av Sara Li Stensrud


Morgon med lysande hestar er ei framsyning, ein scenisk skapnad som er sanseleg, undrande og urovekkande. To menn slitest mellom ynskje om å koma nær kvarandre og å støyta kvarandre bort, mellom fortæring og einsemd. To kroppar. To individ. Men også éin omskifteleg organisme i flukt mellom menneske og natur, kropp og materie.

Huy Le Vo og Morten Espeland lagar saman med regissørkoreograf Erlend Samnøen eit verk som byrjar i total samansmelting av dei to kroppane på scena. To forvrengde, morkna skapningar som sakte kjem ut av mørkret – som i eit målarstykke av Francis Bacon, der det er umogeleg å skilja kvar den eine kroppen sluttar og den andre byrjar. Latent i dei begge ligg det splintra ynskje om å øydelegga einannan og bli eitt på same tid; sleppa å ha ein eigen kropp, og gjera den andre kroppen til sin eigen.

Tekstane er henta frå Båten om kvelden, Vesaas si siste prosabok (1968). I Morgon med lysande hestar møter me to unge menn som treffest tidleg ein morgon og stilt går i møte med noko nytt – noko som vil endra dei for all tid.

Forfattar Sara Li Stensrud har laga ein komposisjon av ulike tekststykke og -fragment frå Vesaas si bok, som alle krinsar rundt det å stå i samband med noko. Det handlar om å bryta gjennom det indre livet og strekka seg mot noko utanfor seg sjølv, anten det er det eit menneske, ei myr eller framande munnar i stein. Gjennom å lytta seg inn på klangane og symbola til Vesaas, har Li Stensrud søkt å opna opp fleire av dei sterkaste og mest kroppslege motiva i Vesaas sin forfattarskap.

Ymist vart skipa i 2014 av Morten Espeland og Erlend Samnøen. Dei har tidlegare laga framsyningane EDDA/Voluspå, Draumkvedet og Melancholia II. I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd.


Les anmeldelse på scenekunst.no av Judith Dybendal
Les anmeldelse på shakespearetidsskrift.no av Ingvild Bræin


NB! Forestillingen inneholder blinkende strobelys.


+ 18. november / Foajé / Ettersnakk med Morten Espeland, Erlend Samnøen og Huy Le Vo
Møt Morten Espeland, Erlend Samnøen og Huy Le Vo i en samtale med Elin Grinaker rett etter forestillingen Morgon med lysande hestar.
Samtalen er på norsk.

  • Varighet 60 minutter