Ymist
Melancholia II–I

17.–26. april 2026

18.00, Store scene

18.00, Store scene

18.00, Store scene

17.00, Store scene

17.00, Store scene

17.00, Store scene

Mysteriet som omgir sjukdomen og skaparkrafta til landskapsmålaren Lars Hertervig (1830–1902) er kjernen i dei to Melancholia-romanane til Jon Fosse. Dette spenningsfeltet er også eit av motiva i scenekunstkompaniet Ymist si omfattande framsyning Melancholia II–I. Ymist utforskar oppløysing av sinnet, skiftingane mellom håp og fortviling, kjærleikskraft og eksistensiell einsemd. Den utforskar tapet av kontroll over kroppen og vegen inn i døden.

Framsyninga løftar romanteksten frå boksida inn i scenerommet, og let han strøyma gjennom skodespelarkroppane. Det suggererande og nesten ugjennomtrengelege språket til Fosse får scenisk form i eit stort heilskapleg kunstverk, der den talande og koreograferte kroppen vert sidestilt med dei sjølvstendige forteljingane som musikken, scenografien og lysdesignet skapar.

Lars Hertervig freista å fanga lyset i bileta sine, og i fleire av verka hans er det som om lyset strålar ut av bileta. Han meinte sjølv at den stadige stiringa på landskap i solskin, og mangelen på gode fargar var grunnen til at han blei psykotisk. «Eg skal male ditt bilete bort» gjentek Lars fleire gonger. Bak den destruktive viljen som ligg i setninga, ligg også eit ynskje om å skapa noko nytt som ikkje var der frå før. Setninga rommar både ei øydeleggande og ei livgivande drift – eit mørker og eit lys. Det er i dette spennet mellom lys og mørker framsyninga prøver å navigera.

Ymist snur på Fosse sin kronologi og zoomar inn på Hertervig først gjennom minna søstera Oline har om Lars. Så gjennom forfattaren Vidme som har bestemt seg: «I dag skulle Vidme begynne på ein roman som skal ha noko med bileta til malaren Lars Hertervig å gjere». Til slutt vert publikum kasta inn i Lars eigne kvernande tankar og akselererande psykose. Han ligg på senga i den lilla fløyelsdressen sin og fryktar møte med Hans Gude. For: «tenk om Hans Gude seier at eg aldri kan bli kunstmalar. Eg må ikkje la Hans Gude seie det til meg. Eg vil ikkje treffe Hans Gude. For eg kan male.»

● Ymist arbeidar i eit scenisk språkområde som insisterer på at den koreograferte rørsla er like viktig som den talte teksten. Der det fleirstemmige i skodespelaren sin kropp, stemme, og fysikk er det kunstnarlege brennpunktet i møte med litteraturen. Elementa skal ikkje illustrera men utfordra, og stå i opposisjon til kvarandre. Dei tekstlege førelegga er ikkje-dramatiske tekstar med tydelege litterære kvalitetar. Fokuset for arbeidet er å gje litteraturen kropp – og å gestalta tekstens materialitet. Ymist var sist å sjå på Black Box teater med Døden i Venezia av Thomas Mann våren 2025.


Framsyninga har to akter med pause mellom.


Credits Melancholia II:

Originaltekst: Jon Fosse. Utøvar: Morten Espeland. Koreograf: Erlend Samnøen. Dramatisering, dramaturg: Oda Radoor. Scenograf, kostymedesignar: Maja Nilsen. Komponist: Gaute Storsve. Ljosdesignar: Ingeborg Staxrud Olerud. Forlag: Colombine Teaterforlag. Støtta av: Fond for lyd og bilde, Bergesenstiftelsen, Fritt Ord, Oslo kommune, Hordaland fylkeskommune. Co-produsent: Tou Scene.

Credits Melancholia I:

Originaltekst: Jon Fosse. Utøvarar: Huy Le Vo, Ine Marie Wilmann, Morten Espeland. Koreograf: Erlend Samnøen. Dramatisering, dramaturg: Oda Radoor. Scenografi, kostyme: Kjersti Alm Eriksen. Komponist: Nils Jakob Langvik. Ljosdesignar: Ingeborg Staxrud Olerud. Produsent: Billie Barker. Teknikar: Daria Zarbeeva. Forlag: Colombine Teaterforlag. Co-produsent: Black Box teater.

  • Varighet 210 minutter
  • Språk
    Nynorsk