Solveig Styve Holte
Lightness

4.–7. juni 2015

Tidligere visninger

19.00, Store scene

19.00, Store scene

19.00, Store scene

19.00, Store scene

Lightness er eitt av Solveig Styve Holte sine avgangsarbeid i koreografi ved Kunsthøyskolen i Oslo.

Holte undersøker koreografisk arbeid gjennom ulike produksjonsvilkår og gjennom tre ulike apparat; scene, galleri og tekstpublikasjon.

Lightness er ei øving i å halde seg levande, eit arbeid som ynskjer å produsere eit overskot fleire kan ta del i. Arbeidet utforske korleis koreografi er ein kapasitet som kan bli manifestert i fleire uttrykk. Lightness vert til som ei bok til Biblioteket ved Kunsthøyskolen i Oslo, seks soloarbeid ved Museet for Samtidskunst og fire framsyningar ved Black Box Teater. Situasjonane sine ulike temporalitetar gjer at vi kan undersøke ulike grader av publikumsnærvær. Sidan strukturelle val alltid er politiske undersøker vi sensitivitet framfor automatisering. Korleis kroppen som opplevd størrelse nærar det utøvande uttrykket, og korleis vi må øve på å sjå deg djupt i auga.

Lightness på Black Box Teater er vårens vakraste eventyr, den er kjærleik transformert til stjernestøv og dans. Med klubben som utgangspunkt, ei kollektiv kroppslig erfaring, ein situasjon der dansen alt eksisterer, utviklar vi fleire rammer for korleis vi kan danse saman. Vi undersøker kva ein dans er og korleis ein dans kan oppstå. Vi ynskjer å sjå om vi i eit gruppearbeid kan distribuere makt og saman skape ei felles forståing av arbeidet innanifrå prosessen. Arbeidet undersøker samarbeid som arbeidsform, der lys, dans, kostyme og scenografi får oppstå og verte ein heilskap, eit solsystem som formar kvarandre i eit eige kosmisk landskap. Arbeidet skjærer opp vassmelon som svar på spørsmål og er verken kreps eller blåskjel, kanskje meir ein østers. Den er ikkje særskild på noko vis, men ei ålmenngyldig avdekking av nye punkt for sensitivitet. Den er ein monument over alt som vi elskar, eit handarbeid som flettar kroppar og interesserer seg for landskap og endelause horisontar. Du kan få oppleve oss slik du vil, du kan få ligge å sjå, halde omkring nokon, sovne litt i ei hengekøye og ete frukt, utan at du skal delta eller by på deg sjølv. I det du let deg sjølv forsvinne oppdagar du noko du ikkje såg frå før.

Boklansering 12. mai kl 18.00 ved Biblioteket ved Kunsthøyskolen i Oslo.

Soloserie 19.-24. mai vert utøvd under heile opningstida til museet som del av utstillinga “Arte Povera og parallelle praksiser” ved Nasjonalmuseet, Museet for Samtidskunst i Oslo.

Framsyningar 4.-7. juni kl 19.00 ved Black Box Teater i Oslo.