“Et intenst indre dykk” – Libération.fr
Teatret kan først begynne når man fjerner seg fra forestillingen (en s’éloignant du spectacle) – Claude Régy.Claude Régy er født i 1923. Som tenåring var han særlig merket av Dostojevskij som han leste som “et slag fra en øks som hakker hull i isen”. Etter studier i statsvitenskap, studerte han teater med Charles Dullin og med Tania Balachova. Han debuterte som regissør i 1952 med fransk urpremiere på Doña Rosita av García Lorca. Han tok raskt avstand fra psykologisk realisme og naturalisme og fra såkalt politisk teater. Régys uttrykk er det totalt motsatte av underholdning, han interesserer seg for menneskene og de verdenene der menneskene lever, særlig tapte verdener. Han har løftet mye ukjent dramatikk frem i lyset – spesielt samtidsdramatikk – som ofte fører ham til randsoner der vissheten om det virkelige går i oppløsning.
Claude Régy har trukket mange samtidsdramatikere frem i lyset, både franske og utenlandske. Han har satt opp stykker av Harold Pinter, Marguerite Duras, Nathalie Sarraute, Edward Bond, Peter Handke, Botho Strauss, Maurice Maeterlinck, Gregory Motton, David Harrower, Jon Fosse, Sarah Kane og Arne Lygre.
Tarjei Vesaas (1897-1970) var fødd og levde mykje av livet sitt i Vinje i Telemark. Han debuterte i 1923, og det litterære gjennombrotet kom for alvor i 1934, med romanen Det store spelet. Vesaas reiste mykje ute i Europa, følgde godt med i moderne litteratur og teater. Impulsane tok han vel vare på, og vart sjølv ein fornyar av norsk prosadikting. Frå og med Kimen (1940) fann han si form.
Sentralt i Vesaas’ dikting står mennesket i møte med destruktive krefter i og utanfor seg sjølv, det er eksistensielle kriser han oftast skildrar. Forfattarskapet er elles i høg grad prega av naturen og av naturens djupe løyndommar. Han fekk etter kvart ein eineståande posisjon i nordisk dikting, og vann tidleg internasjonalt ry. Sine aller mest kjende romanar skreiv Tarjei Vesaas i sekstiårsalderen: I 1957 kom Fuglane, som har vore dramatisert for teater i mange land. Mest kjend er Claude Régys iscenesetjing, som Black Box her skal vise eit filmopptak av. Is-slottet kom ut i 1963 og skaffa Vesaas Nordisk Råds litteraturpris. Båten om kvelden er den siste prosaboka hans, som Claude Régy har henta teksten frå til det teaterstykket han her gjestar oss med.
Tarjei Vesaas har også gitt ut ei rekkje samlingar med noveller og dikt. Forfattarskapet er omsett til 35 språk. Frankrike er det landet utanfor Norden der han er aller mest kjend og verdsett, blant anna takk vere den legendariske teatermannen Claude Régy.
NB! Hvis du har billett til forestillingen La Barque Le Soir ser du filmen Brume De Dieu gratis. Husk å ta vare på billetten din og vis den frem i døra når du kommer. Les mer om filmen her