En prat med Ymist

Forestillingsteksten skildrar ei verd som «står og vippar», og ein kjensle av undergang. Opplever de at dette er ei relevant skildring av vår eiga tid, og korleis har det eventuelt påverka arbeidet dykkar?

Når me for ei god tid sidan skreiv dette lurte me litt på om me tok litt vel hardt i. Undergangskjensle er eit sterkt omgrep. Eg trur ikkje me gjorde det. Eg er i alle fall reddar no enn då det fyrst vart skrive. Uroa kjennest meir present no enn då me byrja å tenka på prosjektet. Meir present no enn då me tok til på prøvane i desember. Meir no enn då me hadde premiere i slutten av mars.

Det er klart denne akselererande redsla har påverka arbeidet vårt og haldinga til det tekstlege førelegget til Thomas Mann. Det har stundom vore som å bli omslutta av mørkeret i teksten og verda. Og me inviterer publikum inn i eit rom som stadig blir mørkare. Men me vonar at framsyninga kan verka lækjande. At me gjennom å laga ei framsyning som erkjenner at mørkeret er her, at uroa tvingar seg på oss, og at ho kan få oss til å agera på måtar me kanskje elles ikkje ville ha gjort eller ynskjer, kan gje trøyst til dei som måtte trenga det.

Gustav von Aschenbach rømmer til Syden i møte med ei krise. Kva trur de dette seier om menneskelege reaksjonar på frykt og usikkerheit?

Eg trur det menneskeleg å venda seg mot distraksjonen når presset blir for stort. Det er også heilt greitt, ein treng pausar. Eg skulle berre ynskja at eg for min del var flinkare til å ikkje bli for lenge i distraksjonen, for han kan bedøva viljen til handling. Eg treng å handla meir.

De seier at «den koreograferte rørsla er like viktig som den talte teksten». Korleis arbeider de med å integrera desse to elementa i framsyninga?

Reint praktisk byrjar me med å halda arbeidet med rørsla – eller koreografien og du vil – separat frå arbeidet med teksten. Teksten er der, den treng berre lærast, rørsla må skapast. Når rørsla er skapt, og teksten er lært godt nok til å utsetjast for den forvirrande prosessen det er med å føra dei to elementa saman, gjer me dette. Å koordinera dette i kroppen er ein veldig frustrerande og langsam prosess.

De ynskjer at elementa i framsyninga skal «utfordra og stå i opposisjon til kvarandre». Korleis arbeider de konkret med å skapa denne spenninga?

Når det gjeld mitt arbeid teksten og rørsla snakkar me om det som to separate og likestilte lag, eller to ulike forteljemåtar. Dei har kvar sin logikk og si utvikling. Dei to elementa må syntetiserast i skodespelarkroppen, men me ynskjer likevel at dei skal opplevast som to ulike lag. Mellomrommet mellom dei to laga, avstanden mellom dei, skapar eit resonansrom som ikkje var der før dei var sett saman. Dei kan ha ulike viljar og skapa friksjon og dissonansar.

I tillegg kjem alle dei andre elementa: Dansaren har sitt eige koreografiske forlaup, sin eigen ståstad, og skapar såleis sine eigne klangfargar som somme tider spelar opp mot teksten, eller frå han. Komponisten bring gjennom musikken og sitt fysiske nærvær sin emosjonalitet inn i rommet. Ljoset har sin logikk, scenografien og kostymane har sitt utrykk, si eiga halding til stoffet. Me prøver at dei ulike haldingane til stoffet får stå fram med sin eigenart, men harmonisert og justert gjennom blikket til koreografen og dramaturgen.

Dette, vonar me, skapar ein kompleksitet i elementa publikum har å navigera i, og som me håpar dei kan kjenna seg frie til assosiera utifrå. At det fleirstemmige skapar eit resonansrom som sanseleg. At publikum kan oppleva og forstå summen av dei ulike uttrykka på eit personleg plan. Noko som er like språklaust som musikk, like sanseleg som eit godt dikt. Som dei kanskje ikkje alltid fullt ut forstår eller kan setja ord på etterpå.