Sleppfest: «Døden i Venezia og to andre noveller» av Thomas Mann

18:00–19:00 Foyer Free admission

Extended program Conversation

Velkommen til sleppfest med litterært påfyll!

Døden i Venezia er Thomas Manns mest lesne novelle, og denne våren kjem denne saman med to andre sentrale novelle frå Manns forfattarskap i nyomsetjing i Skalds rennomerte klassikarserie.

I 2025 er det 150 år sidan Thomas Mann blei fødd.Dette vil bli markert både i nobelprisvinnarens heimland Tyskland og her i Noreg. Basert på Geir Pollens nyomsetjing har scenekunstkompaniet Ymist laga ei framsyning av Døden i Venezia som turnerer landet i løpet av året.

26.–28. mai kjem dei til Oslo og Nationalteateret, eit samarbeid med Black Box teater.

Som opptakt til jubileumsåret inviterer vi til sleppfest med litterært påfyll. Møt omsetjar Geir Pollen og koreograf Erlend Samnøen i samtale med Janne Nygård frå Skald. Det blir også opplesing frå boka ved skodespelar Morten Espeland.

Varigheit ca. 1 time.